Gudstenester

Du er velkomen til gudsteneste i Ørsta Frikyrkje

Målet vårt er å ha ein nattverdsgudsteneste med søndagsskule, og ein generasjonsgudsteneste kvar månad.
Utover dette har vi ulike kveldsgudstenester og andre samlingar på søndagane.
Det er alltid kyrkjekaffi i kjellaren etter gudstenestene.

Følg med på kalenderen vår for å finne ut kva som skjer.

Nattverdsgudsteneste består av song, bøn, preike, tekstlesing og nattverd.
Barna kan vere med på nettverden før dei går ned i kjellaren til søndagsskule.
Vi brukar fleire liturgiske ledd i gudstenesta.

Generasjonsgudsteneste består av litt ulike element frå gang til gang. Det er ofte kreativ formidling, leik, song og bønn.
Generasjonsgudstenestene passar for alle aldrar. Kvar gudsteneste har eit tema som går som ein raud tråd gjennom alle delane.

Kveldsgudstenester er litt forskjellige, dei er friare i forma og har ikkje alltid trafisjonell forkynning. Det kan istaden vere mykje song og musikk, eller ulike tekstar som vert lest.

 

Powered by Cornerstone