Guds vart menneske
Adventstida i kyrkja startar med at Jesus les frå profeten Jesaja (Luk 4,16ff) og seier: "I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på" - Eg er han det er skrive om her og dette er oppgåva mi. Lukas startar å måle eit detaljert bilete av Jesus med barnet i krubba. Johannes teikner opp et mykje større lerret og starter med Jesus som var til før alt anna og var med i skapinga. Han var det sanne lyset som så kom til jorda og som rekk fram handa si til frelse for alle som vil ta imot. Han "flytta inn i nabolaget vårt" og vi får leva "i Kristus". Det finnst ingenting betre enn å ha identiteten vår i Kristus, leve av han og med han i oppturar og nedturar, han som òg heiter Immanuel - Gud med oss.
Tekstar: Ordspråka 8,1-9+22-31; Hebrearbrevet 1,1-6 og Johannesevangeliet 1,1-14. Dessutan mellom anna: Andre Mosebok 3,13-15; Lukas 4,16-22 og Filipparbrevet 2,12-13.